Valik eesti muinasjutte.
Estlendarane er framleis eit folk med eige mål og eigen kultur, og det vesle landet et særs rikt på folkedikting. Ja, etter folketalet er det ingen stad i verda skrive opp så mykje gammal dikting som nett i Estland.
I denne vesle samlinga finn du både spanande og morosame eventyr. Og kanskje gjev samlinga ein liten gløtt av tilhøve og tenkjemåtar hjå eit lite folk som ofte har vore pressa under hæl av mektigare grannar. Samlinga er omsett av universitetslektor
Turid Farbregd, og den estlandske kunstnaren Vive Tolli har laga teikningane.